Planvask

Øygarden kommune er i gang med å rydda i arealplanane til kommunen. Årsaka til at vi gjer dette, er for få ei enklare byggesaksbehandling, men også for å gjera ny vurderinga av kvar vi skal bygga og ikkje bygga i kommunen. 

Oppheving av reguleringsplanar

Når vi no lagar den nye arealdelen til kommuneplanen, må vi samstundes vurdera om alle reguleringsplanane vi har i kommunen samsvarar med utvikinga vi ønskjer oss. Vi skal også vurdera om desse reguleringsplanane er i tråd med dagens kunnskap, politikk og lovverk, om vi skal ta dei med oss vidare eller om dei er aktuelle for oppheving. Dette vert ofte omtala som «planvask».

Konsekvensen av at vi opphevar ein plan vil kunne få ulikt utfall. Dette vil variere ut i frå om det er bygd bustader, naust eller ligg andre bygningar i området i dag, eller om området ikkje er bygd i. Dersom det til dømes alt ligg ein bustad her, vil vi sikra at den vert liggande i eit bustadformål i den nye arealdelen. Er området ikkje bygd i, vil utfallet kunne bli at området blir sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål (LNF), og det vert då ikkje opna for bygging i denne planperioden.

Fram mot sommaren 2026 vil kommunen varsle grunneigarar av eigedom i område med reguleringsplanar som er aktuelle for oppheving. 

Det vil vere mogleg å kome med merknad dersom du mottek varsel. Du vil ikkje få svar i form av brev tilsendt, men vurdering av merknaden vil følgje som vedlegg til saksframlegg til sak om ny arealdel tidleg i haust.

Innsyn i vurdering av reguleringsplan 

Det er utarbeidd ei kartløysing der du kan lesa grunngjevinga for kvifor kommunen vurderer å oppheva reguleringsplanar. Det er berre dei planane det er sendt ut varsel om som vil vere synleg i kartløysinga. Den vil fortløpande bli oppdatert med nye planar som det vert sendt ut varsel om. Dersom du ikkje har fått varsel er du ikkje påverka av dette arbeidet. 

Når du klikkar deg vidare til kartløysinga, vil du nedst i kartet finne eit søkefelt, der du kan skrive inn plannamnet for den reguleringsplanen som du har blitt varsla om. Då vil du kunne klikke på planen og få opp informasjon om vurdering, konklusjon og kor i prosessen vi er med opphevinga.  

Vidare vil du finne lenke vidare til plandokumenta til reguleringsplanen. I tillegg er det ei lenke til kommunen si kartløysing, der du vil kunna sjå reguleringsplanen i kartet.  

Her får du tilgang til kartløysing for vurdering av reguleringsplanane som er varsla mogleg oppheving av.