Gi arealinnspel

No kan du sjå alle innspela som er komen inn til den nye arealdelen.

Vi har no avslutta innspelsperioden, og kartet nedanfor viser alle arealinnpela som kom inn i tida 23. januar – 8. mars 2026.

Dersom det er vanskeleg å navigera i oversikta, tilrår vi at du opnar ho i eit eige vindauge her.

 

Kva legg kommunen vekt på når vi vurderer arealbruk?

Øygarden kommune har i gjeldande planar store arealreservar. Det vil seia at vi har sett av for mykje areal til blant anna bustadbygging og næringsutvikling enn kva vi vil greia å bygga fram mot 2039. Dei statlege forventingane er derfor at vi reduserer omfanget av bygging i den nye arealdelen. Kommunen har, gjennom samfunnsdelen og planprogram for ny arealdel med strategiar, vore tydelege på kva verdiar vi skal ta vare på og ikkje bygga ned, men også kvar og korleis vi skal prioritera å utvikla. 

Gjeldande arealbruk i alle planar, arealinnspel om nye utbyggingsområde og innspel om andre tema som t.d. føresegner vil bli vurderte ut ifrå om dei er i tråd med:

  • Strategiane om verdiar vi skal bevara og utvikling for framtida, som er vedteken saman med planprogrammet for ny arealdel til kommuneplanen 2027-2039. Vi kjem til å grovsila arealinnspel ut i frå om dei er i konflikt med verdiar eller fareområde. Desse områda er markerte som blå på kartet i innspelsportalen. Vi ønskjer innspel til dei områda som ikkje er fargelagde. 
  • Arealstrategiane og senterstrukturen i samfunnsdelen. 
  • Statlege føringar som arealbruk og mobilitet, klima og energi, strandsona, jordvern og barn og unge sine interesser.
  • Regionale planar med føringar for kommunal arealplanlegging.

Kva innspel har vi bedt om?