Høyringa av planprogrammet er avslutta
Forslaget til planprogram med strategiar har vore på høyring i november og desember. Administrasjonen arbeider no med å vurdera innspela som er komen inn, og klargjer eit justert planprogram til sluttbehandling i januar.
Sjølve arealdelen vert utarbeidd i 2026-2027.
For å ha eit godt kunnskapsgrunnlag når vi seinare skal fastsetta arealbruken, har vi utarbeidd fleire rapportar og utgreiingar. Les meir om kva kunnskap vi har arbeidd med her: Kunnskapsgrunnlag.
Når kan du komma med arealinnspel?
Innspel om til dømes endra arealbruk til bustadtomter, naust, næringsbygg og liknande vert det først opna i tida 23. januar til 8. mars. Når vi opnar opp for arealinnspel, ønskjer vi at de legg desse inn i ein eigen kartportal, slik at vi får samanstilt alle slike innspel digitalt. Derfor er det viktig at du ventar med å senda inn konkrete arealinnspel.
Årsaka til at vi ventar med arealinnspel, er fordi vi først skal sjå nærmare på kva som er viktige verdiar i Øygarden, før vi tek avgjersler om korleis vi skal bruka areala våre i framtida. Innspela vi ber om no er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for å ta slike avgjerder.
Sist endra 19.12.2025 12.24