Korleis har vi arbeidd med planen?

Samfunnsdelen til kommuneplanen er det viktigaste verktøyet for å styra kommunen vår, og handlar om korleis vi skal utvikla tenestene og legga til rette for god samfunnsutvikling. Planen angår difor alle som bur, arbeidar og lever i kommunen vår.

Berekraftmåla til FN som grunnlag for temaområda i samfunnsdelen

Berekraftmåla til FN er lagt til grunn for utarbeidinga av samfunnsdelen kommuneplanen. I  kunnskapsgrunnlaget til planstrategien (PDF, 3 MB) kan du lesa om korleis berekraftmåla er tolka i vår lokale kontekst. Gjennom politiske prosessar har Øygarden valt å løfta fram åtte berekraftmål som grunnlag for å prioritera kva utfordringar vi skal løysa, og kva moglegheiter vi skal utnytta i samfunnet vårt.​

Dei prioriterte berekraftmåla har danna grunnlag for medverknad og innbyggarinvolvering, og resultert i fem hovudmål:

  • Øygarden er ein god stad å bu
  • Innbyggarane i Øygarden har god livskvalitet
  • Øygarden er eit kompetent, innovativt og produktivt samfunn
  • Øygarden er eit klima- og miljøvenleg samfunn
  • Øygarden kommune er handlekraftig og innovativ

Involvering og medverknad

Kommunen har arbeidd med samfunnsdelen gjennom heile 2021, og det er gjennomført ei rekke medverknadsarrangement- og aktivitetar for å henta innspel frå innbyggarar, næringsliv, lag og organisasjonar, tilsette i kommunen og andre aktørar. Funn frå medverknadsarbeidet er summert opp i eit drøftingsgrunnlag.

Aktuelle lenker: