Søk om kulturvernmidlar

Ordninga skal fremja vernetanken i kommunen, ved å stimulera til å ta vare på, sikra og formidla den lokale kulturarven. Dette kan til dømes gjelda bygningar, gjenstandar, kulturmiljø, segn, musikk og tradisjonar.

Tilskotssum: kr. 215.000,-
Søknadsperiode: 1. mars- 15. april

Om tilskotet

  • Ordninga skal også stimulera til kunnskap om historia og gjera den meir tilgjengeleg.
  • Midlane kan delast ut til organisasjonar, institusjonar, privatpersonar og kommunalt prioriterte tiltak.
  • Dersom tiltaket krev byggeløyve, dispensasjon eller andre løyve frå offentlege organ, må løyva vera gitt før søknad om tilskot blir sendt.
  • Tiltaket må vera påbyrja innan eit år etter at tilskot er motteke.

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk. Søknaden må innehalde enkelt budsjett/finansieringsplan. 

Søk om kulturvernmidlar

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Søknadene vert behandla administrativt, og vedtaket vert lagt fram for Levekårsutvalet til orientering.

Rapportering

Det skal rapporterast på bruken av tildelte midlar seinast ein månad etter gjennomføring, inklusiv bilete. Send inn rapportering på tildelte midlar.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte