Fritidskassen

Lag og organisasjonar i Øygarden kommune kan søkja tilskot for å inkludera barn og unge som av økonomiske grunnar ikkje kan delta i fritidsaktivitetar.

Målet med tilskotet er at fleire får delta i aktivitetar. I 2026 kan organisasjonar søkje om å få dekka kontingent/deltakaravgift for barn og unge (enkeltpersonar) i målgruppa frå 6-18 år.
Ordninga er støtta av tilskotsmidlar frå Bufdir og det er totalt 200 000,- å fordele i 2026.

Ill. Fritidskassen - Klikk for stort bilete

Søknadsfrist: 1. mars

Søknad må vera elektronisk. 

Du må leggja ved ei oversikt over budsjettet for midlane du søker om. Oversikta skal visa pris per barn, talet på barn og det samla beløpet.

Du kan lasta ned Excel‑mal du kan bruka, eller sjå bilete (PNG, 12 kB) for korleis ei slik oversikt bør vera utforma.

Last ned budsjettoversikt‑mala for kontingent/deltakaravgift (XLSX, 11 kB)

Søk om midlar frå Fritidskassen

Merk at ein ikkje kan søkja støtte til å arrangera gratisaktivitetar for alle, då ordninga er øyremerka sårbare barn og unge.

Har de mottatt støtte frå andre til same føremål skal dette trekkast ifrå søknaden til Fritidskassen.

Spørsmål? Ta kontakt på hilde.egeland@oygarden.kommune.no