Eksterne tilskotsordningar

Øygarden kommune abonnerer på plattformen tilskudssportalen for alle lag og organisasjoner i kommunen. Her finn du informasjon om korleis du bruker sidene.

Tilskuddsportalen er nyttig og lønsam

Treng fotball-laget til poden nye drakter? Kven gjev støtte til utbetring av friluftsområde? Kva for støtteordningar finst det innan kultur? Vi har svara!

Tilskuddsportalen er eit verktøy for deg som vil jobbe meir effektivt og lykkast betre i å søkje tilskot til prosjekta dine. Vi gjev deg eit oversyn over alle tilskotsordningar som blir tilbodne norske organisasjonar, og du kan søkje etter støtteordningar og tilskot i mange ulike kategoriar. Vi oppdaterer informasjon om tilskota automatisk (via vår informasjonsrobot), og innhaldet blir kontrollert manuelt av teamet vårt. Du kjem difor i forkant av søknadsarbeidet og kan få fleire idear til finansiering.

Registrering for lag/organisasjonar

  • Gå til www.tilskuddsportalen.no og søk etter din kommune i søkjefeltet. Alle kontaktpersonar må registrere seg som brukarar, og det blir gjeve tilgang til inntil tre brukarar frå kvar foreining. Hugs å registrere kva foreining du representerer, og kva for ei rolle du har i denne.
  • Når du har registrert deg, så skjer det ein manuell sjekk av tilknytinga di til organisasjonen. Det blir gjeve tilgang dersom du er ein styremedlem eller har ei anna sentral tilknyting til foreininga, og foreininga er registrert med adresse i den kommunen det blir søkt tilgang via. Dette blir gjort innan ein arbeidsdag, men ofte raskare.
  • Når du blir godkjend, så får du ein e-post med stadfesting på registreringa di, og det er viktig at du klikkar på aktiveringslenka i denne e-posten. Du kan då velje ønskt passord.
  • No kan du byrje jakta på tilskot!

Viss du får tekniske problem med innlogging eller bruk av tenesta, kan du kontakte support ved å sende e-post til support@tilskuddsportalen.no.

Har du spørsmål eller treng assistanse, så hjelper vi deg!

Du kan treffa oss på følgjande måtar:

Telefon: 62 52 13 00
E-post: support@tilskuddsportalen.no
Nettside: www.tilskuddsportalen.no
Facebook: facebook.com/Tilskuddsportalen
Kontoradresse: Grønnegata 52, 2317 Hamar

Brosjyre

Informasjonsbrojyre om Tilskuddsportalen (PDF, 2 MB)