Eksterne tilskotsordningar
Øygarden kommune abonnerer på plattformen Tilskudssportalen for alle lag og organisasjoner i kommunen. Her finn du informasjon om korleis du brukar sidene.
Tilskuddsportalen er nyttig og lønsam
Treng fotball-laget til poden nye drakter? Kven gjev støtte til utbetring av friluftsområde? Kva for støtteordningar finst det innan kultur? Vi har svara!
Tilskuddsportalen er eit verktøy for deg som vil jobba meir effektivt og lykkast betre i å søkja tilskot til prosjekta dine. Vi gjev deg eit oversyn over alle tilskotsordningar som blir tilbodne norske organisasjonar, og du kan søkja etter støtteordningar og tilskot i mange ulike kategoriar. Vi oppdaterer informasjon om tilskota automatisk (via informasjonsroboten vår), og innhaldet blir kontrollert manuelt av teamet vårt. Du kjem difor i forkant av søknadsarbeidet og kan få fleire idéar til finansiering.
Registrering for lag/organisasjonar
- Gå til tilskuddsportalen.no og søk etter din kommune i søkjefeltet. Alle kontaktpersonar må registrera seg som brukarar, og det blir gjeve tilgang til inntil tre brukarar frå kvar foreining. Hugs å registrera kva foreining du representerer, og kva for ei rolle du har i denne.
- Når du har registrert deg, skjer det ein manuell sjekk av tilknytinga di til organisasjonen. Det blir gjeve tilgang dersom du er eit styremedlem eller har ei anna sentral tilknyting til foreininga, og foreininga er registrert med adresse i den kommunen det blir søkt tilgang via. Dette blir gjort innan ein arbeidsdag, men ofte raskare.
- Når du blir godkjend, får du ein e-post med stadfesting på registreringa di, og det er viktig at du klikkar på aktiveringslenka i denne e-posten. Du kan då velja ønskt passord.
- No kan du byrja jakta på tilskot!
Viss du får tekniske problem med innlogging eller bruk av tenesta, kan du kontakta support ved å sende e-post til support@tilskuddsportalen.no.
Har du spørsmål eller treng assistanse, så hjelper vi deg!
Du kan treffa oss på følgjande måtar:
Telefon: 62 52 13 00
E-post: support@tilskuddsportalen.no
Nettside: tilskuddsportalen.no
Facebook: facebook.com/Tilskuddsportalen
Kontoradresse: Grønnegata 52, 2317 Hamar
Brosjyre
Informasjonsbrojyre om Tilskuddsportalen (PDF, 2 MB)
Sist endra 16.05.2025 13.26