Vorlandstua

Startpunkt: Haugeskulen på Vorland
Parkering: Parkering på Vorland (ved gamle Haugeskulen)
Normal gangtid: 1-2 timer t/r
Høgde: 212,5 moh.
UTM 32 koordinat: 287314, 6689671
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Parkering på Vorland (ved renseanlegget eller på utsiktsplassen med informasjonstavla). Gå innover grusvegen ved renseanlegget til du får Vorlandsvatnet på venstre side. Her er det skilta mot Vorlandstua (bratt bakke oppover). På toppen av bakken går stien til Vorlandstua mot venstre ved stikryss. På toppen av Vorlandstuo kan du gå vidare i fleire retningar om du ikkje vil returnera same vegen.

Det er t.d. ein godt merka sti til Randifjellet og eit stykke vidare. Du kan ta kursen mot Veten, men det er ikkje så lett å finna gode stiar opp dit.  Prøv å sikta deg inn på Nordsjøløypa som kjem frå Førde. Frå Veten kan du gå ned  til bilveg i alle retningar.

På Ut.no finn du meir informasjon