Veten

Startpunkt: Sund Kyrkje, Klokkarvik
Parkering: Langs vegen der stien startar.
Normal gangtid: 1-2 timer t/r
Høgde: 284 moh.
UTM 32 koordinat: Ø284514 N6681135
Bok: Ja
Sesong: Heile året

​Turskildring

Startpunkt frå Sund kyrkje, Førde, Høyland, Kleppe, Stranda skule, Hamre, Bakka, Vorland, Eide, Hammarsland og Skogsvåg skule – alle vegar går til Sund sin høgaste topp på 284 moh.

Lengda på løypa varierer frå dei ulike startpunkta. Ein kan gå over fjellet, fram og tilbake same veg eller ta korte og lengre rundturar. Veten er eit  godt besøkt turmål med utsikt 360‘. Du kan studera sikteskiva,  bruka kikkerten og registrera  turen i boka eller på appen DNT SjekkUt.

Frå Hamre og Steinsland til Klokkarvik er stien definert som Nordsjøløype. Om du ikkje går over toppen, men gjennom Åsendalen, går du den gamle kyrkjevegen.

Kyrkjevegen

Folk kom til kyrkja frå bygdene rundt. Tidlegare batt sjøvegen bygdene saman, og dei rodde og segla i små båtar når dei skulle til kyrkja. Men ofte og særskild i dårleg vær, for dei over land for å unngå lange strekk over opne fjordar og havstykke. Kyrkjeturen blei ein kombinasjon av båttransport og vandring til fots. Langs kyrkjestien frå vest finn ein namn og nemningar som Fadraborde (ein plass for matpause), Hesteklypa (trong passasje i terrenget) og Skautakleiva (der ein budde seg til kyrkjegang og kvinnene tok på seg kyrkjeskautet).

Sund kyrkje var soknekyrkje alt i mellomalderen. Kyrkja vart i 1659-68 omtala som ei stavkyrkje med tårn. Ho vart riven i 1673 og erstatta av ei tømmerkyrkje som var i privat eige fram til at det vart bygd ei ny kyrkje i 1877. Den brann i 1994. Noverande kyrkje i Klokkarvik vart innvigd tre år etter.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film

Fotogalleri​

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete