Trollskogen

Startpunkt: Algrøy skule
Parkering: Algrøy skule
Normal gangtid: ca 1,5 timer t/r
Høgde: 10 moh.
UTM 32 koordinat: 60.34793N 4.94926E
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Dette er ein flott plass for alle, men høver særleg bra for barn og barnefamiliar. Her heng det troll på lur i trea, her kan ein klatre, huske og nyta nistepakken sin. I tillegg er det hengt opp ei zipline for dei mest eventyrlystne.

Algrøy bygdalag har gjort ein strålande jobb med å sette i stand denne staden.

Elvane

Når ein møter på dei to store trolla, som står og ynskjer velkomen inn i Trollskogen, kan ein gå til venstre i staden for å gå inn i Trollskogen. Held ein fram i eit par minutt på denne stien, kjem ein til “Elvane”. Her har bygdalaget laga til ein triveleg rasteplass for barnefamiliar. Her finn ein bord og benkar, huske, ei lita bru over elva og til og med små båtar som ungane kan leika med i elva.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film