Tjeldstø - Alvheim - Hovden (N)

Startpunkt: Bedehuset på Tjeldstø
Parkering: Bedehuset på Tjeldstø
Normal gangtid: 3,5 timar
Høgde: 7,6 moh.
UTM 32 koordinat: 277501, 6683856
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Det er ikkje lett å gå lange turar i utmarka i Øygarden. Men mellom Tjeldstø og Hovden blir det nokre kilometer i skiftande terreng. Ein kan parkere ved bedehuset på Tjeldstø, det ligg 100 meter nord for vegkrysset til Tjeldstø. På høgre side av vegen ser du eit busstopp, inni busstoppet finn du ei informasjonstavle over flora og fauna i området.

På andre side av vegen ser du rett på inngangen til Nordsjøløypa, her er òg ei tavle over løypa. Den merka stien går gjennom plantefelt i nordvestleg retning til eit utkikkspunkt ved Beinbrotet. Flott utsikt mot vest, ut i havet.

Vidare går ein i nordleg retning, forbi Gullhaug og snart over ei lita bru i nordvestre delen av Pardalsmyra. Stien går så over ein haug som vert kalla Pardalsfjellet, vidare ned til eit skogholt og etter kvart fram til vegen mot Alvheim. Ein følgjer denne vegen ca. 200 meter vestover og tek inn på ei avkøyrsle mot Storavatnet. Her står det ei tavle merka Alvheim. Stien går på vestsida av Storavatnet, forbi Nordre Kvalvik og gjennom fureskogen til Kvednane. Her ser ein framleis restar etter ei kvern ved bekken frå vatnet.

Frå Kvednane går stien i ope terreng og dreiar etter kvart i nordaustleg retning, og ein kjem fram til to gamle utegjerde. Dette er to innmarksareal på mellom 6 og 8 mål kvar. Dei er gjerda inn med steingjerde. Stien kjem fram til fylkesvegen i Hovden. Herifrå er det ca 3,5 km tilbake til Tjeldstø. Tidsbruk ca 3,5 timer, lengd 9 km t/r.

Om du vil starta turen i motsett retning, frå Hovden, kan du parkera ved bedehuset på Nautnes. 

På Ut.no finn du meir informasjon