Tenneset

Startpunkt: Golta og Telavåg
Parkering: Liten parkering ved starten av stien av Golta og parkering ved Telavåg idrettsplass. 
Normal gangtid: 1,5 timer t/r
Høgde: 32.6 moh.
UTM 32 koordinat: 277501, 6683856
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Til Tenneset kan du gå både frå Golta og Telavåg (Selstø).

Fra Golta: Parkering ved starten av stien av Golta. Stien er kupert og godt merka. I Goltasundet ligg Heimanpådalsbua. Du kan ta ein avstikkar dit på vegen til Tenneset.

Frå Telavåg (Selstø): Parkering ved Telavåg idrettsplass. Her står ei informasjonstavle om Nordsjøløypa. Start turen ved å gå litt tilbake ned til Selstøsjøen. Følg asfaltvegen og ta inn på Håvarden. Herifrå følgjer du vegen til stistart på venstre side. Du kan ta ein avstikkar til Selstøbuene, som er restaurerte og kan nyttast til matrast eller overnatting. Tilbake på stien og litt fram ser du den restaurerte Selstøkverna. Sanman med buene er dette dei einaste bygningane som stod att i Telavåg etter krigen. Vidare inn på Nordsjøløypa kan du ta av til høgre og opp åsen. Vel du denne stien er grotta Bekhilleren verd eit besøk. Du kan opphalda deg i Bekhilderen på fjære sjø. Vær obs på glatte svaberg!

Du kan ta turen innom Bekhilderen om du startar turen frå Golta òg.

På Ut.no finn du meir informasjon