Storskora

Startpunkt: Du ser inngangen til stien 100 m før du kjem til P-plassen​​​​​
Parkering: Turøyvegen, parkeringsplass ca. 200m før Turøybrua.
Normal gangtid: 1 time. 2,5 km t/r
Høgde: 22 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Ta av FV 561 og køyr retning Turøy. Du ser inngangen til stien 100 m før du kjem til parkeringsplassen. Følg blå merker ut til fyret. Lett tur. Storskora er ein fin tursti og det er fine klatremoglegheiter på vestsida av øya. Turen kan gjerne kombinerast med tur i Vikåsen. For dei som ynskjer å fiske er det mange gode fiskeplassar frå land. På sørsida av vegen er det ei fin badevik, denne vart i eldre tider
brukt som kastevåg.

Les meir om turen på UT.no

Storskora tursti | Foto: Heidi Reisegg Endal - Klikk for stort bilete