Storevarden

Startpunkt: Stranda skule
Parkering: Stranda skule
Normal gangtid: 2 time t/r.
Høgde: 232 moh.
UTM 32 koordinat: Ø 284364 N 6680597
Bok: Ja
Sesong: Heile året

Turskildring

Dette er ei turløype med spanande opplevingar opp stien til Storevarden. Her vil du finna postar med ulike aktivitetar, informasjon og anna med tilknyting til Johannes Kleppevik. Johannes Kleppevik, som òg vart kalla «Kystens trubadur», var frå denne krinsen. Så her finn du sildekassar med mykje innhald til å aktivisera seg med, sitat frå ein del av den rike viseskatten hans og små infotavler som har variert innhald.

Turen startar som Nordsjøløype ved Stranda skule. Nedst i løypa vil du få sjå «Gigantgitaren» som er ein del av folkehelseprosjektet «Ord i spreke spor». Det er nokre bratte parti opp før du kjem til Storevarden. Langs siste delen opp følgjer du ein flott steingard. På toppen har du eit flott utsyn. Nedanfor er det ei lita informasjonstavle.

I staden for å gå tilbake til skulen, kan du gå ned frå Storevarden og halda fram i løypa mot Veten.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete