Storaskjenet

Startpunkt: Skogsvåg barneskule
Parkering: Sundhallen (Finkelhølsvegen 56)​​​​​​​
Normal gangtid: 2 timar. 4,2 km t/r​​​​​​​
Høgde: 175 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Parker ved Sundhallen. Gå opp til «rundkøyringa» ved Skogsvåg barneskule der turen startar på grusveg (den til venstre med infotavle for turområde). Etter eit stykke på grusveg kjem du til stikryss. Ta til høgre opp gjennom skogen. Her er det klatretau og disser. Følg merka løype vidare. Det kan vere noko vått på enkelte stader. Fin utsikt på toppen. Sau på beite om sommaren. Vis omsyn. 

Les meir om turen på UT.no

Storaskjenet - Klikk for stort bilete