Steinsvatnet

Startpunkt: Startar og sluttar på Flåten ved Bakstehuset i Blomvåg, Flotevegen 53.
Parkering: Parkering på Flåten.
Normal gangtid: ca 1,5 timer.
Vanskegrad: Grøn
Høgde: 15 moh.
UTM 32 koordinat: 60.53111N 4.86961E
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Steinsvatnet tursti er ei rundløype på 4,8 km. Stien er ein type sauetråkk – variert, nokre stadar noko vått/myrete terreng, men òg delvis asfalt (siste 2,5 km er asfalt). Det er lagt klopper over dei våtaste partia. Langs kyststien møter du på kulturminne som vitnar om tidlegare aktivitetar.

Det er god utsikt mot vest, og det er ofte observasjonar av ørn. Hugs kikkert! Etter 1,3 km er det ein rasteplass med utsikt. Stien går fram til fylkesveg 561. Herifrå er det ca.2,5 km vidare på asfalt til Flåten. Turen er merka lett, og du kan rekna 1,5 time i vanleg turtempo.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film