Skogsøyna

Startpunkt: Startar ved Herdlevær og går langs sjøen ut til Skogsøytuva.
Parkering: Parkering langs veien, rett før broen til Herdlevær.
Normal gangtid: ca 1,5 timer.
Vanskegrad: Blå
Høgde: 42 moh.
UTM 32 koordinat: 60.55320N 4.79849E
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Fottur langs kyststien frå Herdlevær til Skogsøytuva og Skogsøy friluftsområde. Følg sti langs sundet utover mot havet. Det går sau på beite heile året, så hugs å halde hunden i band og lukke grindene. Langs stien er det god havutsikt. Frå Skogsøytuva og varden kan du studera kreftene på havet på nært hald. Hugs å halde god avstand! Dønningane kan koma langt opp på land.

Skogsøyna er òg mykje brukt for å studere haust- og vårtrekket. Kommunen har nyleg sett opp fugleobservasjonshytta Hildringsbu. Den er vel verd eit besøk.

Frå Skogsøytuva går det eit mindre umerka tråkk over svaberga og ned i friluftsområdet. Her er det fint å fiske og bade. På innsida er det fleire fornminne og restar etter gamle buplassar. Her er det òg mogleg å finne teltplassar. For å få en rundtur, kan du ta det austlege stialternativet tilbake til Herdlevær. Her er det ein del blaute parti, så hugs godt fottøy.

På Ut.no finn du meir informasjon
På nettsida til Bergen og Omland Friluftsråd finn du meir informasjon

Friluftsområde

Friluftsområdet har viker med badefjører og svaberg som ligg i ly for vind og vêr frå nord og vest. Utanfor ligg ei rekkje holmar, sund, viker og grunne sjøområde. Gode tilhøve for fiske.

Tursti frå Herdlevær til Skogsøy

Frå brua før Herdlevær er det omlag 45 minutt gange på sti fram til Skogsøytuva og friluftsområdet. Skogsøytuva er eit populært dagsturmål. Godt fottøy er naudsynt. Parkering langs vegen før brua til Herdlevær, der det òg er informasjonstavle med kart. Sau på beite heile året. Hugs bandtvang.

Uthamn

I søre del av området er det gode fortøyingstilhøve med flytebrygge.  På innsida av flytebrygga er det større saltvannspollar med svaberg. Ved flo sjø lar det seg gjere å gå inn i pollane med mindre båtar.

Kulturminne

I friluftsområdet er det fleire fornminne og restar av gamle buplassar. Vis omsyn om du besøkjer det aktuelle området. Meir informasjon om fornminna på kulturminnesok.no.

Hildringsbu

Skogsøytuva er òg rekna for å vere ein av dei beste plassane for å observere fugl på trekk langs kysten nord for Bergen. I området er det sett opp ei dagsturhytte, som òg fungerer som skjul ved observasjon av fugl på trekk langs kysten. Hytta har fått namnet Hildringsbu og er open i sesongen. Det er merka sti fram til hytta, frå stien til Skogsøytuva. Hildringsbu ligg på toppen av ein bergvegg. Følg skilting fram til hytta, ikkje gå ut på svaberga bak hytta!

Film