Skaganeset

Startpunkt: Ta av frå Austre Sundvegen og følg Skogsvågvegen 900m. Ta av til Venstre og følg Storhaugen 180m.
Parkering: Parkering for 2-3 bilar ved startpunktet ved Storhaugen.
Normal gangtid: 1,5 timar t/r.
Høgde: 5 moh.
UTM 32 koordinat: Ø284250, N6688000
Bok: Ja
Sesong: Heile året

Turskildring

Turen går i variert terreng med godt merka sti og klopper over våte parti. Det er funne spor etter steinalderen på fleire lokalitetar i dette området. Steinalderlokalitetane ligg på ulike høgder i terrenget, alt etter kva tidsepoke dei er frå. Det er gjort funn av flint, ulike typar kvartsitt, bergkrystall og grønstein.

Det er sett opp 4 kulturminnetavler langs løypa,- 2 tavler som skildrar eldre og yngre steinalder, ei tavle om fiskarbonden og ei om den rike kvalfangsthistoria i vågen.

Deler av stien går langs Kvalvågen. Frå mellomalderen av vart det fanga kval i vågen ved å stengje den inne med not. Kvalen vart deretter skoten med giftpilar. Denne metoden vart nytta heilt opp til 1800-talet. Det er ein ganske unik kvalfangarmetode som er lite kjend andre stader i verda. Du kan sjå kvalbua som er fint restaurert. Det er laga ei mobil bru over til Stekholmen.

På Ut.no finn du meir  informasjon

Film

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete