Signalen på Møvik

Startpunkt: Signalvegen, bak Kiwi på Møvik
Parkering: Kiwi Møvik, lengst vekk frå inngangen​​​​​
Normal gangtid: 1 time. 3km rundtur
Høgde: 159 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Turen startar ved Kiwi på Møvik (har du bil bør du parkera lengst vekk frå inngangen). Følg Signalvegen til endes og fortsett oppover ein grusveg. Fin utsikt etter kort tid. Etter omlag 400 meter kjem du opp til Signalvatnet og ei lita demning på høgre hand. Her kan du gå over betongmuren og følge stien vidare. Stien er berre delvis merka, men lett å følgje. Den første toppen du kjem til er austre Signaltoppen. Her er det turkasse. Utsikt mot store delar av kommunen. Du ser også innover mot Askøybrua. Følger du stien vidare mot vest kjem du til vestre Signaltoppen. Flott utsikt mot havet her. Siste del av turen er noko brattare. Ved demningen er det laga trapp ned den brattaste skrenten. Du kjem tilbake til grusvegen ved demningen.

Les meir om turen på UT.no

Vestre Signaltoppen. Flott havutsikt | Foto: André Marton Pedersen - Klikk for stort bilete