Seløy til Gløvrebu

Startpunkt: Starter frå gravplassen på Bakken.
Parkering: Ved gravplassen på Bakken.
Normal gangtid: ca 1,5 timer.
Høgde: 9 moh.
UTM 32 koordinat: 60.64851N 4.78685E
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Turen startar frå gravplassen på Bakken, også kalt Gløvrebuløypa. Du går frå gravplassen gjennom grinda og følgjer merka sti heilt fram til Gløvrebu. Stien er lett å gå, litt kupert gjennom skogen og når du kjem ut av den, opnar det seg eit fantastisk utsyn ut over havet med holmar og skjær.

Følg stien vidare til gapahuken Gløvrebu. Her er det sett opp bålpanne og små eldstader. Dette er ein fin plass å raste.

Rett ved sida av Gløvrebu er det ein liten sti merka Trollstien. Her kan barna leike og kose seg. Høgdepunktet for mange er nok turen gjennom “Gløvro” – ein smal passasje i fjellet.

Passasjen er rundt 50 m lang, 10 m høg og ca 40 cm brei på det smalaste – ei spanande oppleving! Du går vidare på stien i rundløypa tilbake til gravplassen.

Vanskegrad blå.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film