Selekletten

Startpunkt: Tofterøy skulehus
Parkering: Tofterøy nedanfor skulehuset
Normal gangtid: Frå Tofterøy skule 40 min/1,7 km. Rundtur om Selefjellet: 2 timer/4,8 km
Høgde: 48.7 moh.
UTM 32 koordinat: 282126, 6677697
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Lett kupert terreng i utmark. Selefjellet har restar etter tysk utkikkspost frå 2. verdskrig. Fin badeplass i Skjelevika.

Før du startar turen kan du stikka nedom Trellevik kystkultursenter eller innom Olav Toft si samling på skulehuset. Stien startar på vestsida av Storavatnet til Hummelsund. Du kan ta ein avstikkar ned til Hummelsundet. Lang kanalen ligg det restar etter fjæremannstufter (som fiskarar frå fjordane budde i under sesongen). Litt vidare kan du ta turen til losstasjonen på Vikso. Den er framleis bemanna, og har losbåtar som tar ut for å sikra store båtar trygg ferdsel inn og ut frå Bergen. Kystverket har saman med Austevoll og Sund kommune sett opp eit nasjonalt minnesmerke over bortkomne losar og båtmannskap ved loshytta.

Tilbake på stien held du fram til Selskletten (turbok) og mot Bandelen før du går tilbake til skulen. Undervegs på turen passerer du ein del kulturminne.

Samlinga til Olav Toft

Olav Toft vart i 1984 utnemnd til riddar av 1.klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden  for mangeårig virke for fortids- og kulturminnevern han utførte som autodidakt. Han samla gjenstandar frå heile Sund  gjennom mange år på det gamle skulehuset på Berge. Dette bygdemuseet vart etter kvart overfylt og lite tilgjengeleg. Gjennom studentar frå UiB (kulturvitenskap og arkeologi) vart samlinga rydda og flytta ut til den nedlagde skulen på Toftarøyna.

Trellevik kystkultursenter

Her var det ei tid gjestgjevarstad og saltebu. I dag er det stiftinga Trellevik kystkultursenter som er eigarar av dei restaurerte bygningane Bygnaden, Jektenaustet og Skjenkestova, samt båtar og utstyr knytt til  eit levande sjøbruksmiljø.

På Ut.no finn du meir informasjon