Rubbegarnståna

Startpunkt: Sprengeneset, Hellesøy
Parkering: Hellesøy kai. Nokre P-plassar ved stistart Sprengsneset​​​​​
Normal gangtid: Ca. 1 time. 2,9 km rundtur​​​​​​​
Høgde: 11 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Sving inn til høgre ca 100m etter Hellesundkanalen, til vegen Sprengeneset. Følg denne vegen ca 0,5 km. Det står ei infotavle ved stistart som er på venstre side av vegen. Ein kan starte turen her, eller nokre hundre meter vidare innover. Stien er godt merka og er godt tilrettelagt med klopper over dei våtaste partia. Den austlege delen av turen er noko meir kupert og våt enn den vestlege delen. På stien på austsida er det eit stiskille nær sjøen. Den eine stien går inn i eit hyttefelt og skal ikkje brukast. Følg skilting mot Hellesøy til høgre om du kjem frå fyret. Ta til venstre mot nordvest om du kjem frå aust. Turkassen står i skogen litt sør
for fyret.

Les meir om turen på UT.no

Rubbegarnståna på Hellesøy - Klikk for stort bilete