Randifjell

Startpunkt: Førde eller Vorland
Parkering: Førde eller ved gamle Haugeskulen (Sundvegen 630)
Normal gangtid: Førde: ca 2,5 timar, 6 km t/r. Vorland: ca 2 timar. 5 km t/r
Høgde: 240 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Frå Førde: Om ein kjem frå nord, køyr eit stykke forbi Klokkarvik. Ta av vegen til høgre ved skiltet Førde. Parkering eit stykke opp i vegen og skilt mot Veten. Følg grusvegen (Vetenvegen) oppover frå parkeringen, hald til venstre. Etterkvart over i terreng. Følg stien til det kjem skilt mot Randifjell. Følg merking vidare til Randifjell. Les meir om turen på UT.no

Frå Vorland: Parkering ved gamle Haugeskulen (Sundvegen 630).Turen går via Vorlandstuva. Følg grusveg til enden av Vorlandsvatnet. Følg sti til høgre mot Vorlandstuva. Bratt stigning eit lite stykke. På toppen av stigningen tar du stien til venstre. Ny stigning før du kjem til Vorlandstuva. Følg skilt/merkepinner vidare til Randifjell. Ein del våte parti både frå Førde og Vorland. Godt skotøy er anbefalt. Les meir om turen på UT.no

Randifjell - Klikk for stort bilete