Rambua (D)

Startpunkt: I starten av Stølemyrvegen, venstre side​​​​​​
Parkering: Blomvåg Kyrkje
Normal gangtid: 1,5 time. 3,9 km rundtur
Høgde: 46 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

14. januar 2023 var det offisiell opning av denne flotte dagsturhytta. Her er det utsikt i alle himmelretningar. På uvêrsdagar er det spektakulært å sitte inne i hytta og sjå på bølgene ute på havet. Turstien er merka med blå pinnar. Etter ein noko bratt kneik kjem ein inn i eit våtområde med rikt fugleliv. Spesielt under hekketida er det viktig å vise omsyn til fuglelivet.

Det er lagt klopper og steinar over dei våtaste partia. Etter 800m kjem ein til eit stiskille. Her er det skilta både mot Rambua og mot Planteskogen. Vidare mot Rambua er det lett kupert terreng, framleis med klopper og steinar over dei våtaste partia. Frå Rambua kan ein fortsette mot Planteskogen, barnas
naturleikeplass, berre 400m vidare. Frå Planteskogen kan ein følge stien vidare ned til stikrysset ein passerte i starten av turen, deretter vidare til stistart i Stølemyrvegen. Merk at det er dyr på beite heile året. Ha hunden i band. Les reglane for besøk i dagstyrhytta før ein går inn i hytta. Informasjonen finn ein på veggen på utsida.

MERK! Stølemyrvegen er en privat vei, og det er parkering forbudt langs hele veien!

Les meir om turen på UT.no

Solnedgang ved Rambua | Foto: Heine Ruben Hammer - Klikk for stort bilete