Ormhilleren

Startpunkt: Ved parkeringsplassen ved Ormhilleren
Parkering: Parkeringsplassfor 25 bilar
Sesong: Heile året

Turskildring

Ormhilleren er eit opent og barnevennleg friluftsområde med fine svaberg, grassletter og ei stor og lun badevik tilrettelagt med skjelsand. Det er parkering for 25 bilar ved starten av gangstien. For å komme til badeviken følger du tilrettelagd grussti frå parkeringsplassen. Friluftsområdet er utstyrt med toalett.

I friluftsområdet og området rundt er det fleire stiar gjennom skog, lynghei og ut langs svaberga. Frå Ormhilleren kan du til eksempel gå Kyststien langs vestsida eller Kystvaktstien langsmed sjøen under rongesundet bru. Langs Kyststien går du forbi Hestedalen, kor det tidlegare vart funnen restar av eit vikingeskip. Vil du ha ei rundtur kan du parkera ved gamle rongesundet kai og følgje kystvaktstien til Ormhilleren og Kyststien tilbake igjen.

Både på innsida langs Rongesundet, og ut mot svaberga på vestsida, er det fine fiskeplassar. På gamle rongesundet kai er det også offentleg utsetjingsrampe for småbåtar om du vil reise sjøvegen. Det er fortøyingsboltar i viken på ormhilleren.

Heilt nede ved sjøkanten i Ormhillerern friluftsområde kan du oppleva kunstverket «Blå Korall» av kunstnar og keramikar Helene Kortner.

Ormhilleren (ut.no)


Blå korall

Kunstnar: Helene Kortner

Kunstverket består av fleire skulpturar/amulettar av glassert steingods og utført med fantasi og refleksjon. Installasjonen er ei lita sjøformasjonsreise, som er ope for fleire forståingar og assosiasjonar.

Korallar er sensitive for endringar og eksistensen deira indikerer korleis livet i havet er. Dei er òg nytta til å laga amulettar og smykke. I folketrua skulle dei verna og inspirera menneska som bar dei.

E-post: helene.kortner@gmail.com

Blåkorall - Kunst laga av Helene Kortner - Klikk for stort bilete