Nonfjellet

Startpunkt: Austre Skogsfjellvegen (Møvik), evt. ved Kiwi på Møvik
Parkering: Austre Skogsfjellvegen, evt. Møvik
Normal gangtid: Ca 1,5 t t/r / 3,6 km
Høgde: 82 moh.
UTM 32 koordinat: 280836.53Ø 6693258.42N
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Ein variert tur i flott kystkulturlandskap. Turen startar ved parkeringsplassen i Austre Skogsfjellvegen på Møvik. Det er eit lite stykke med furuskog før du kjem til ei grind og over på beitemark. Her må du ha godt skotøy sidan det på denne delen av turen kan vere ganske vått. Etter ca 1 km går du over på anleggsveg. Den følgjer du ca 50 meter før du går av stien på venstre side. Følg stien vidare forbi Langavatnet. Når stien går nedover mot byggefeltet på Tveita, tar du til høgre. Steingarden kan du klatre over. Følg vidare stien til toppen.

På toppen er det flott utsikt utover mot havet og innover mot kystkulturlandskapet og Fjellparken.

På Ut.no finn du meir informasjon