Munkerøysa på Bjorøyna

Startpunkt: Bjorøyna, etter tunnelen, på austsida av vegen.
Parkering: På vegskulder ved Nilsvika, ved første avkøyrsle etter tunnelen, og gå i retning aust over bilvegen – pass opp for biltrafikken.
Normal gangtid: 1,5 timar t/r. (Turen er 3,1 km t/r)
Bok: Nei
Sesong: Heile året

Turskildring

Ta turen gjennom eit område med buplassar frå steinalder og gravrøyser frå jern-og bronsealderen. Parker på vegskulder ved Nilsvika, ved fyrste avkøyrsle etter tunnelen, og gå i retning austover bilvegen – pass opp for biltrafikken! Det første som møter deg på andre sida er eit arkeologisk utgravingsfelt der ein steinalderlokalitet blei nærmare undersøkt for nokre år sidan. Det vart mellom anna gjort funn av ein mystisk, sirkelforma, uthola stein med ein bergkrystall festa inni. Vidare tar du turen på sti rett ved Nordravatnet, i retning austover mellom to hytter der gravrøysa Munkerøysa er lokalisert. Steinane er lagt rundt ein kolle, som har vore med på å gjere gravminnet meir markant. Røysa har opprinneleg vore større, då det er tydeleg at stein er blitt teke frå røysa i nyare tid. På andre sida av draget i søraust ligg det to andre gravrøyser, som er merka med raude stikker. Ta turen bortom om du har høve.

Etterpå følgjer du stien gjennom det idylliske hytteområdet i Revvika og nordover neset til Bjorøygavlen. Der kan du raste og nyte båttrafikken, før du tek turen sørover igjen på vestsida av neset.

På Ut.no finn du meir informasjon