Maggevikja på Algrøy

Startpunkt: Algrøy skule (Gangstø)
Parkering: Ved Algrøy Skule (Gangstø)
Normal gangtid: 2 timar. 5,2km rundtur​​​​​​​
Høgde: 15 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Gå inn Kongvikvegen og forbi bedehuset. Ved ei stor raud løe på venstre side av vegen går du gjennom ei grind. Følg grusvegen til endes, men ta til venstre på slutten før neste grind. Du vil etterkvart sjå gule merkepinner. Følg desse heile vegen. Når du kjem til Smalanese følger du dei gule pinnene nordover retning Maggevikja. Det er eit lite stykke klyving for å kome ned på svaberga. På uværsdagar er det viktig å halde god avstand til havet. Brottsjø kan oppstå. Den karakteristiske Maggesteinen er ein stor steinblokk som ligg rett på utsida av svaberga. Denne kan du sjå frå turkassa. Når bølgene står på er det eit spektakulært skue.Merk at det kan være ein del våte parti på nordsida av turen.

Les meir om turen på UT.no​​​​​​​

Maggevikja på Algrøy | Foto: Heidi Reisegg Endal - Klikk for stort bilete