Lutatangen

Startpunkt: Nedre Golta, ved parkering.
Parkering: Parkering på nedre Golta og ved moloen.
Normal gangtid: 1­-2 time(r) t/r, vis sjøvett.
Høgde: 17 moh.
UTM 32 koordinat: Ø 278200 N 6683250
Bok: Ja
Sesong: Heile året

​Turskildring

Turen går i lett kupert kystlandskap i utmarksbeite. Hugs bandtvang, og ha respekt for gjerde/steingardar.

Golta ligg heilt ute i havgapet. I Goltasundet og ved Goltosen ligg naust som vitnar om aktiviteten som var vanleg i området. Makrell og sild kom ofte og var ei gullgruve for fisket. Når silda eller makrellstimane kom inn, var fiskarane kjapt ute for å stengja av sundet med nota. Ved Goltsundet finn ein framleis eit par av dei gamle sjøbuene.

Gjennom fleire  tusen år har vind og vêr reinska landskapet. Breen har òg gjort sitt då den trakk seg tilbake. Gneisen er reinskura og blank. Nalen sør på øya, står som ein rosa pynt ut mot storhavet. I dei grøne søkka i Voggedalen har rognetrea funne rotfeste i sprekksonene i gneisen.

Golta er ei havbygd med unik natur og fengjande historie. Du kan prøva fiskelukka, men ver varsam! Her er sterke naturkrefter når bølgjene slår mot land.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete