Liatårnet (Haganes, Bjørkedalen, Lie, Ekerhovd)Lytt til tekstenStopp avspilling Startpunkt: Haganes Parkering: Haganes (grusplass på høgre side av vegen). Normal gangtid: 4 timar t/r, 8,8 km t/r Høgde: 340.3 moh UTM 32 koordinat: 285024.73Ø 6692445.54N Bok: Ja Sesong: Heile året Turskildring Det høgaste fjellet på Sotra er eit populært turmål. Med sine 341 meter over havet har du utsikt i alle himmelretningar. Der er fleire startpunkt, men her tar me utgangspunkt i stien som følger Nordsjøløypa frå Haganes. Då får du ein lengre tur gjennom kupert terreng. Det er ein variert og fin tur langs idylliske vatn og bruer. Frå parkeringen går du eit lite stykke nordover igjen på vegen. Du tar inn på stien på høgre side av vegen, i svingen rett sør for Otrafjellet. Følg denne stien vidare nordover. Etter du har fått Skorafjellet (300 moh.) på høgre side vender du opp mot Skogavatnet. Følg stien på nordvest-sida av vatnet og gå opp den siste kneika til Liatårnet. Alternative startpunkt for å kome til Liatårnet er: parkeringsplassen ved Fjell Festning (kortaste turen), frå Li eller frå toppen av Bildøybakken der du går langs Bildøyvatnet og forbi Pyttane. På Ut.no finn du meir informasjon Sist endra 15.03.2021 08.28