Kyrkjevegen (Foldnes-Hjelteryggen) (D)

Startpunkt: Parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje
Parkering: Parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje
Normal gangtid: Ca 1,5 time t/r,  5,2 km t/r
Høgde: 17 moh.
UTM 32 koordinat: 286930.03Ø 6699130.18N
Bok: Ja
Sesong: Heile året

Turskildring

Dette er ein svært populær grusa turveg frå Foldnes til Hjelteryggen. Den er rullestoltilgjengeleg, så også rullestolbrukarar kan nytta den fram til Larslivatnet. Frå Larslivatnet vert det ein motbakke. Vel oppe frå den er det tillaga for drikkevatn og det er laga fleire rasteplassar med bord og benker av stein. Om vi går turen heilt til Hjelteryggen og attende så vert det ein tur på 5,2 km. På turen har vi naturen med marka og fleire vatn tett på sjølv om vi går på grusveg. Parkering ved Foldnes kyrkje.

På Ut.no finn du meir informasjon

Besøk dagsturhytta

Larslibua ligg ved Larslivatnet langs Kyrkjevegen. Hytta er open for alle turgåarar alle dagar og kan ikkje reserverast!

Det er om lag éin kilometer frå parkeringsplassen. På første retningsskilt står det 0,9 km. Ein brukar 10-15 minuttar inn til hytta. Stien følger ei slak grusveg som ein kan kome seg fram i rullestol og ein kan trille barnevogn.

Det er rullestolrampe slik at dei med rullestol kan koma seg inn i hytta.

Hyttereglar

  • Ver vennleg å ta av skoa før du går inn og bruk skohyllene på utsida
  • Hytta skal ikkje overnattast i
  • Ikkje tråkk på solcellepanelet
  • Vedomnen kan nyttast av alle som vil
  • Hald hunden din ute for dei med allergi
  • Ta med deg bosset ditt heim eller til næreste bossdunk

Forlat hytta like fin eller i betre stand enn då du kom, slik at nestemann får ei like flott oppleving av hytta.

Kontakt oss

Om noko er øydelagt, gje gjerne tilbakemelding til friluft@oygarden.kommune.no eller ved å ringja 56 16 00 00.

Ønskjer du å bidra til hytta, kan Sotra Øygarden Turlag kontaktast på sotraoygarden.turlag@dnt.no

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete