Kvednane

Startpunkt: Alvheim, i sørenden av Storavatnet​​​​​​
Parkering: Langs vegen ved stistart, Alvheimstræet
Normal gangtid: 1,5 time. 5 km t/r (til turkassen)
Høgde: 5 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Gå inn på vegen mot nord og ta til venstre. Stistart i enden av vegen. Følg merka sti på vestsida av Storavatnet, forbi Nordre Kvalvik og gjennom fureskogen til Kvednane. Det er her turkassen står. Her ser ein framleis restar etter ei kvern ved bekken frå vatnet. Frå Kvednane går stien i ope terreng og dreiar etter
kvart i nordaustleg retning. Fine klopper på slutten av stien, men det er ikkje mogleg å parkere der stien sluttar, så ein må enten gå tilbake, eller følge hovudvegen tilbake. Då blir det ein rundtur på 6 km.

Les meir om turen på UT.no

Bru i nordvestre delen av Kvednane | Foto: Turid Espeskog - Klikk for stort bilete