Kleppaksla

Startpunkt: Kleppe
Parkering: Like ved fylkesvegen, nær grendahuset.
Normal gangtid: 1 time t/r
Høgde: 201 moh.
UTM 32 koordinat: Ø 285350 N 6679580
Bok: Ja
Sesong: Heile året

​Turskildring

Lett kupert terreng. God sti, spor frå 2. verdskrig. God utsikt over Krossfjorden.

Kleppe si tid som Lyseklostergods tok først slutt i andre halvdel av 1800-talet og det var først i 1870-og 1890-åra at oppsitjarane fekk høve til å kjøpa jorda dei brukte.

Russemyra ligg vestom Kleppaksla og her kan ein framleis sjå torvhol som vitnar om tidlegare torvuttaking. I myrane dukka det og opp mange røter frå den tida då Sotra var skogkledd. Som andre stader elles i Sund skar folk lyng til dyrefôr.

Kleppaksla ligg 202 m.o.h. og det er vidt utsyn over det sørlege Sotra, sjøen og mot Austevoll. I 1939 var det bygd ei signalhytte med nøytralitetsvakter som skulle ha oppsyn med skipsleia til Bergen. Etter tysk invasjon i 1940 vart Kleppaksla omgjort til ein del av det tyske forsvar mot dei allierte. Det blei bygd både skyttargravar, bustadbrakkar og vakthytte. Rundt leiren var det tre piggtrådgjerde med minefelt imellom. Det skal ha vore mellom 15-20 tyske soldatar stasjonert  med schæferhundar. Hundane gjekk ofte i løypestreng, så det må ha vore ganske skræmande.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete