Høgafjellet

Startpunkt: Haganes
Parkering: Haganes (grusplass på høgre side av vegen etter svingen rett forbi Haganesvatnet)
Normal gangtid: 2 timar. 5,6 km t/r
Høgde: 300 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Flott tur med fantastisk utsikt på toppen. Det kan vere nokre våte parti på stien så hugs gode sko. Det er fleire startpunkt, men her tek vi utgangspunkt i stien som følger Nordsjøløypa frå Haganes. Følg same veg som turen til Liatårnet og Haganesfjellet. Stistart i svingen. Følg stien oppover skaret. Ved skilt på toppen av skaret skal ein ikkje følge skilt mot venstre, men fortsette rett fram mot aust. Oppe ved Kattatjørna går stien til venstre. Følg raude merker nordover. Etterkvart ser ein varden på Høgafjellet oppe til venstre. NB! kanten av stupet.

Les meir om turen på UT.no

Høgafjellet | Foto: Heidi Reisegg Endal - Klikk for stort bilete