Hissøyna friluftsområde

Hissøyna ligg vest for Møvika i Øygarden kommune. Friluftsområdet med naust og bygningar blir forvalta av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF).

Tursti til Hissøy lykt

Det bur framleis folk på Hissøyna, og det er fleire feriehus der, så vis difor omsyn når du er på øya. Informasjonsplakaten på kaien har informasjon om åtferdsreglar, stiar og gangvegar og kva for delar av øya som er friluftsområde.

Stien ut til Hissøy lykt går gjennom det gamle kulturlandskapet og vidare ut i utmarka. Første del er godt skilta.

Hamneforhold

Øya har ei god hamn - Kylderen - på søraustsida, med offentleg brygge og felles gangveg opp til husa. Utsida av kaien er berre til ombord- og ilandstiging. Båtar skal fortøyast ved moloen eller ved BOF si flytebrygge. Ved moloen er det  òg lagt ut flytebrygge som kan brukast av fritidsbåtar.

Kystledhusa

Friluftsrådet forvaltar to hus i kystleia ved Kjeilo på nordspissen av øya. Husa kan leigast ved å ta kontakt med BOF.
På nettsida til Bergen og Omland Friluftsråd finn du meir informasjon

Huset på Løno er også til leige. På nettsida til Bergen og Omland Friluftsråd finn du meir informasjon

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete