Hellesøy (N)

Startpunkt: Hjelme gamle kyrkje
Parkering: Parkering ved Hjelme gamle kyrkje
Sesong: Heile året

Turskildring

Før det vart laga køyreveg i åra 1935-1940, var det berre stiar mellom bygdene. Nordsjøløypa følgjer gamle stiar og vegar. På Hellesøy er det eit nettverk av stiar.

  1. Røbbegantånæ med ein austre sti og ein vestre sti
  2. Hjelme – Bakken med sidestier til Udnesdalen, gravplassen i Staksmyra og Sæle
  3. Gløvrebu med sti frå gravplassen i Staksmyra og ein frå Sæle
  4. Hjelme – Hellesund (på høgda langs Hjelmevågen)

Ein av turane startar ved Hjelme gamle kyrkje. Du følgjer bilvegen fram til busskuret. Her tar Kyrkjevegen nordover innmarka, like vest for eit gardstun. Dette var òg ein gamal skuleveg og er merka som Nordsjøløype. Ute av skogen får du auge på Sælstakken, ein fjelltopp i vest. Det er eit vasstårn på toppen. På ein fjellskrent ved vegen ser du ned mot Bakken skule og vidt ut over havet før du kjem ned til bilvegen i vegkrysset mot Svellingen. Du kan følgja vegen i retning Hellesund og Hellesøy langs Hellesundkanalen.

Du kan òg starta turen på Hellesøy kai. Du følgjer bilvegen langs kanalen og over Hellesundbrua. Kyrkjevegen startar like sørvest for brua. Han går gjennom grinda og innover innmarka langs bergveggen søretter. Du fer forbi ein steinkjellar og er så ved grinda i utmarka. Eit stykke sør for bøgarden dreiar vegen/stien opp på vestsida av myrdraget og følgjer bergryggen. I sør ser du skogen utanfor bøgarden på garden Hjelme. Eit stykke søraust for Klepptjørna møtest vegane frå Hjelme og Bakken, og går saman vidare herifrå fram til Hjelme gard. Ved sjøen ligg Hjelme gamle kyrkje nær sjøbruksmiljøet.

Sør på Hellesøy går Nordsjøløypa Nautnes-Trollvatn 1.6 km. Dette er eit populært hytteområde og kulturmiljø. I dette området er det òg vakker utsikt mot havet.