Haganesfjellet

Startpunkt: Haganes, til venstre i svingen rett før parkering
Parkering: Parkeringsplass på høgre side av vegen eit lite stykke etter Haganesvatnet.
Normal gangtid: Ca. 2 timar. 5,2 km rundtur.​​​​​​
Høgde: 232 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Følg vegen litt tilbake frå parkeringen. Sti inn til høgre i svingen. Litt bratt stigning på smal sti etter nokre hundre meter. På toppen kan ein velge å gå rett fram eller til høgre. For å få ein fin rundtur er det best å gå rett fram. Ein går då forbi fleire fine små fossefall og vatn. Følg stien til høgre etter dette. Vått parti på
flaten før siste stigning. Gå først til venstre etter denne flaten, deretter til høgre. Følg fjellsida opp til toppen. Flott rundskue.

Les meir om turen på UT.no

Haganesfjellet | Foto: Heidi Reisegg Endal - Klikk for stort bilete