Grana

Startpunkt: Telavåg
Parkering: Telavåg skule. Går forbi klatrevegg. Eigen brosjyre om klatreveggane kan hentast på Sund Bibliotek.
Normal gangtid: 2 time t/r
Høgde: 5 moh.
UTM 32 koordinat: Ø 276222 N 6688568
Bok: Ja
Sesong: Heile året

Turskildring

Turen ut til Grana tek til ved skulehuset/grendahuset i Telavåg, forbi klatreveggen «Fiskesleppet» og vidare ut mot Granvika. Du passerer ei fin grasslette og ein lavvo.

Dette er ein tur i lett terreng og som fører deg heilt ut mot havet. Namnet Grana kan vera vanskeleg å forstå, for det er ikkje mange tre her ute ved havet. Men kanskje opphavet til namnet er at det vart planta gran på garden Telle på 1900-talet etter avtale med Bergen skogselskap. Delar av jordbruket her vart, som på mange andre gardar i Sund, avvikla ut over dette hundreåret.

Fangst og fiske har vore hovudnæringa heilt frå tidleg jarnalder. I dag er det helst oppdrett av laks med levering i Porsvika. I tidlegare tider drev familiane på Telle med kvalfangst, men det slutta i mellomkrigstida.

På Ut.no finn du meir informasjon


Livets portal

Kunstnar: Beate Einen

Skulpturen i handlaga glas og cortenstål representerer livets portal, eit bindeledd mellom fortid og nåtid. Skulpturen kan gje assosiasjonar til regnbogen og referansar til både samhald, inkludering og mangfald, men også skape assosiasjonar til viktig industri i Øygarden som fiske, havbruk og oljeindustrien som no har fokus på det grøne skiftet.

Skulpturens plassering er valt for å setta fokus på historia som utspelte seg i bygda Telavåg under 2. verdskrig. Stålkonstruksjonen er produsert i samarbeid med MultiTECH Quality & Service.

Skulpturen er ikkje egna til å klatre på.

Prosjektet er støtta av Vestland fylkeskommune, MultiTECH Quality & Service og GC Rieber Fondene, Telavåg Fiskeoppdrett m.fl.


Film

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete