Gløvrebu (TF)

Startpunkt: Bakken gravplass
Parkering: Ved gravplassen
Normal gangtid: 1 time. Rundtur 2,5 km
Høgde: 38 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Gå frå gravplassen gjennom grind (lukk grinda, beitedyr) og følg merka sti heilt fram til Gløvrebu. Stien er lett å gå, litt kupert gjennom skogen. Når du kjem ut av den opnar det seg eit fantastisk utsyn ut over havet med holmar og skjær. Turkassa henger ved eit tre på sjøsida rett før ein kjem til gapahuken Gløvrebu. Ved
Gløvrebu er det satt opp bålpanne og små eldstader. Dette er ein fin plass å raste. Her er det også ein liten sti merka Trollstien. Her kan barna leike og kose seg. Høgdepunktet er turen gjennom “Gløvro” - ein smal passasje i fjellet. Passasjen er rundt 50 m lang, 10 m høg og ca. 40 cm brei på det smalaste – ei spennande oppleving. Etter Gløvro kan ein fortsette vidare på stien i rundløypa tilbake til gravplassen. Det er også fint å ta ytre løype som går på nordsida av skogen.

Les meir om turen på UT.no

Gløvrebu - Klikk for stort bilete