Gløpsa - rundtur på Glesvær

Flott utsikt mot Golta og vest i havet.

Startpunkt: Glesnes skule
Parkering: Glesnes skule (NB! Ingen parkering ved Glesvær Kafé)
Normal gangtid: Ca. 2,5 timar. 7,4 km rundtur
Høgde: 300 høydemeter totalt
Sesong: Heile året

Turskildring

Flott utsikt langs turstien som går gjennom både skog og ope kystlandskap. Vis omsyn til beitedyr og hugs at her pågår hjortejakt frå 1. september. Delar av stien går langs veg. Nokre våte parti, bruer og klopper på dei våtaste partia. Frå Glesnes skule går ein ca 400 m via byggefeltet. Gå inn stien til venstre for hovudvegen, i vestleg retning. Når ein kjem til Goltavegen skal vegen kryssast. Gå litt mot venstre, der held stien fram. Rett etter dette går stien mot høgre, ein skal ikkje følge traktorvegen. Turposten er på den høgaste toppen, Gløpsa. Følg deretter stien vidare mot aust. Når ein kjem inn mot to hytter og privat veg går ein ut på vegen att og tek mot høgre. Vis omsyn dersom hytteeigar er tilstades. Ved snuplassen går ein inn på traktorvegen til høgre og etterkvart over på sti. Her passerer ein kunstverket “lomviene”. Etterkvart kjem ein ut att til vegen, ved moloen og ein passerer Glesvær Kafé. Gå vidare på Glesnesvegen, ta inn til høgre på Vodlavegen. I enden av Vodlavegen går det ein grusa turveg. Deretter følg vegen til der turen starta.

Les meir om turen på UT.no

Rundløype ved Glesvær | Foto: Fredrik Mortensen - Klikk for stort bilete

Om handelsstanden Glesvær

Glesvær er ein av dei eldste handelsstadene på Vestlandskysten. På 1700-og 1800-talet var dette det største og viktigaste fiskeværet på Sotra. Første gongen vi veit handelsstaden Glesvær er omtala, er i 1664. Då var det bergenskjøpmannen Hendrich Wessel som eigde staden og hadde handelsprivilegium. Abraham Wessel, som overtok i 1688, fekk også kongeleg privilegium til «Kiøbmandskab med Bønderne alleene at drive». Det var truleg han som sette opp den hovudbygningen som framleis står (kjelde: Universitetet i Bergen). 

Glesvær | Foto: Jarle Rennedal - Klikk for stort bilete

Lomviane

Kunstnaren bak lomviane er Kyrre Krepp frå Tyssøy. Han har utvikla idéen og utarbeidd modellen til skulpturen som består av 7 fuglar som er skoren av same plate av stål. Arne Bakke (som då var grunneigar) fekk skore ut figurane frå ståplata og montert dei der dei står i dag. Kunstverket vart laga i samband med at kommunen valde Handelstaden Glesvær som tusenårsstad. Opning og avduking skjedde på jonsokkvelden i 2005 av ordførar Albrigt Sangolt. Lomviane har sidan skapt stor interesse som landskapskunst. Turistar frå fjern og nær kjem for å sjå kunstverket. Både frå sjøsida og landsida er skuilpturen eit fasinerante skue og etterkvart eit kjend landemerke sør på Sotra (Kjelde Glesvær Handelsstad).

Lomviene på Glesvær - Klikk for stort bilete