Glesnes - Golta - Telavåg - Kjereide - Kallestad-Trengereid (N)

Startpunkt: Glesnes skule
Parkering: Parkering ved Glesnes skule
Normal gangtid: Total lengde ca. 20 km som kan delast i fleire etappar
Vanskegrad: Blå 
Sesong: Heile året

Turskildring

Arkeologiske funn tyder på at det alt i steinalderen har vore stor aktivitet av menneske i dette området. Glesnes, Golta, Telavåg , Kallestad og Trengereid var gardar alt i mellomalderen, men gardsdrifta går lenger attende. Tidlegare gjekk det vegar(stiar) mellom bygdene og til fangstplassar gjennom utmarka. Nordsjøløypa er i størst mogleg grad lagt til dei gamle traseane.

Løypestrekket Golta-Telavåg startar ca 150 m før Goltabrua. Ho går på vestsida av Litlatjørna, vidare opp og vestover langs høgdedraget. Her er utsikt mot Golta og Goltasundet. Kanalen under Goltabrua var ferdig i 1912, og gjorde det mogleg for mindre båtar å passera uhindra på innsida av øya. Løypa går ned til Hølen og forbi eit smalatøkje, som vart brukt til innsanking av sau (smale). Så vidare langs steingarden og vestsida av Goltatjørna. Om du no lengtar etter litt utsikt, kan du ta turen opp til Keipen (60 m.o.h.). Ein annan avstikkar er stien vestover frå Goltatjørna til dei gamle fiskebuene og hellerane ved Goltasundet. Ved Heimanpådalsbua er det fint å ta ein rast. Det er òg mogleg å overnatta i bua.  

Nordsjøløypa går  vidare nordover forbi vestenden av Lauvvatnet, over lyngheier og myrer ned mot eidet mellom Stovevatnet og Sandviksvatnet, vidare gjennom opninga av steingarden og opp ei kløft. Nede i Selstøvågen kan du studera ei bygdekvern, eit tøkje og ei lita steinbu. Du kan òg ta ein avstikkar vestover til to gamle fiskebuer. Både Selstøkverna og Selstøbuene er restaurerte. Dette var dei einaste bygningane som stod att etter raseringa av Telavåg under 2.verdskrig. Det er mogleg med ei enkel overnatting i buene både for vandrarar og padlarar. Nordsjøfartmuseet arrangerer turar dit.

Mellom Selstø og vidare inn på Nordsjøløypa må du gå eit stykke på vegen. Ta turen innom Nordsjøfartmuseet før du vandrar vidare. Frå museet går løypa i nordaustleg retning fjellfoten. Deretter svingar ho vestover mot toppen av Nipafjellet (89 m.o.h.). Herifrå er det storslått utsikt. Om du tar ein avstikkar mot Nipasåto, kan du sjå at det ligg ein grunnmur der. Planen var å byggja eit skulehus mellom Telavåg og Eide/Skogsvåg i 1890.  Men grunna usemje mellom bygdene om plasseringa, vart den skulen aldri bygd.

Løypa følgjer høgdedraget vest for Gåsavatnet. Nord for vatnet ligg fleire torvhus. Deretter går ho langs austsida av Indravågen. På austsida av Litle-Kørelen passerer løypa opninga i steingarden og demninga ved utløpet av vatnet. Langs elva ligg ruinar etter to kverner. Løypa held fram gjennom skaret og kryssar dalsøkket før ho er oppe på kanten, der det ligg ein kjempestein. Herifrå er det fin utsikt både sørover og nordover. Du ser òg  Kørelen – det største vatnet på Sotra. Gamle segn fortel om «Kørelatrødlet» som held til i vatnet.

Ved å følgja Nordsjøløypa nordover, kan du ta ein avstikkar opp til Brotavarden (87 m.o.h.) til Kjereide. Kjereide er ein gamal kastevåg på grensa mellom Telavåg og Kallestad som framleis er i bruk. Her finn du restar etter gamle fiskebuer og steinbryggjer. I tidlegare tider gjekk sjøen inn i Kørelen, men i dag vert Kørelen nytta som drikkevatn for store delar av Sotra.

Frå Kjereide held du fram austetter til stølen, som ligg sørom Stølstjørna. Løypa følgjer den nye stølsvegen fram til Kallestad. Du kan ta ein avstikkar vestom Storavatnet og ned til Kallestadkverna, som er bygd i stein og i bruk fram til 1938.

Nordsjøløypa mellom Kallestad og Trengereid følgjer den gamle stien, som i ein periode var skuleveg mellom desse bygdene. Løypa går sør for grendahuset i austleg retning over bøen og forbi bøgarden. Ho held fram i austleg retning gjennom utmarka. Eit stykke lenger framme går ho opp Svartebrekka til eit platå med fin utsikt. Løypa held fram søraustover nesten til bøgarden på Trengereid, der ho møter bilvegen ved enden av Trengereidpollen.

Glesnes

Glesnes er ein gard som ligg på ein landtange ved nordenden av Toftosen. Garden er nemnd i jordregisteret frå 1328, og var på den tida rekna som ein storgard. Handelsstaden Glesvær ligg heilt sør på garden. Her finn du i dag kafé og rorbuer, slik at du ved behov kan få deg både mat og ei seng. Det er elles stor aktivitet på Glesvær med sjøsportssenteret Sjøvang og Glesnes ungdoms- og idrettslag sine friske utandørsarrangement. Det går sti frå Glesnes som møter Nordsjøløypa frå Golta.

Golta

Golta ligg på ei lita øy vest mot havet. I vågane kring øya har det vore stort innsig av sild og makrell. Fleire bygningar er tatt vare på, dei eldste er frå 1600-talet. Dette viser attende både til gardsdrift og fiskeri. Hus og båtar tilhøyrande Golten landnotlag er restaurerte og no i privat eige.

Telavåg

Telavåg ligg i eit gamalt jordbrukslandskap der arkeologiske funn viser busetnad frå 500-talet. Under andre verdskrigen jamna okkupasjonsmakta bygda med jorda og innbyggjarane hamna i fangenskap. Nordsjøfartmuseet i Telavåg har film og utstillingar knytt til krigen og om den risikofylte ferda over til Shetland. Flyktningane vart samla og frakta med små båtar frå Nesvika og Søvika.

Kallestad

Kallestad har frå uminnelege tider hatt gardsdrift og har framleis dyr på beite.

Trengereid

Trengereid ligg på eit smalt eid mellom Trengereidpollen og Kørelen.

Alternativ rute i Telavåg er Ytreløypa

Det er rydda ei ytre løype langs havkanten. Om du tar ein avstikkar frå Nordsjøløypa mellom Golta og Telavåg, får du ein fin rundtur via Tenneset og Broka. Du kan klatra inn i Bekhilderen på fjære sjø og lytta til bulderet frå havet. Det er ei mektig oppleving å sitja i hola både i storm og stilla. Denne turen vart kåra til Topp 10 Vandring i Hordaland.