Gjerdet kulturminnegard - Russarstegen - Fjell festningsområde (N)

Startpunkt: Gjerdet kulturminnegard
Parkering: Gjerdet kulturminnegard
Normal gangtid: 1 time
Vanskegrad: Grøn
Sesong: Heile året

Turskildring

Gjerdet kulturminnegard ligg eit par hundre meter sør for Fjell kyrkje. Garden har mange minne etter krigsfangane som budde i bygda. Sotra husflidslag har sin base på Gjerdet og under kulturminnedagane 2020 arrangerte laget kurs med tema «Russarstegen, dei som bygde den og fuglane». Under andre verdskrig brukte okkupasjonsmakta delar av våningshuset.  I ledige stunder laga fangane dekorative fuglar av tynt utskorne treemne sett saman til ein svevande fugl som i Russland er kalla lykkefugl eller fredsfugl.

Russarstegen går bratt opp bak Gjerdet kulturminnegard og er den raskaste vegen opp til Fjell festning som fangane bygde under 2.verdskrig.  Stien er i dag ein bit av Nordsjøløypa. Du kan vandra vidare på festningsområdet eller ta turen inn på Fjell festning for omvising Du kan elles nyta ein fantastisk utsikt mens du tar ein pause i kaféen. Etter pausen kan du gå vidare inn i Fjellparken på godt skilta stiar i mange retningar.

På Ut.no finn du meir informasjon