Gardafjellet

Startpunkt: Nedre parkeringsplass for Fjell kyrkje
Parkering: Nedre parkeringsplass Fjell Kyrkje
Normal gangtid: Ca. 1,5 time. 4km t/r​​​​​​​
Høgde: 44 m.o.h.
Sesong: Heile året

Turskildring

Gå først vidare innover på asfaltvegen Kvednhaugen. Kryss vegen og gå inn på grusveg, sti til venstre etter nokre meter. Etter litt stigning og litt flatare terreng langs vatnet tek ein inn til venstre. Stidele er merka med raud pinne. Her er det laga trapper/kloppar i terrenget. Følg raude pinnar til Gardafjellet.
Kloppar på dei våtaste partia, men nokre våte parti utanom. Her er beiteområde, vis omsyn. Fin utsikt i alle retningar frå toppen. Gå vidare i austleg retning. Etter ei stund går ein over ei bru, og følgjer stien vidare til ein møter den gamle kyrjevegen att. Ved stidele: gå til høgre mot Fjell og parkeringsplassen. Ein kan også gå frå f.eks. Morland, Kolltveit eller Kleivane, men då er det vanskeleg med parkering.

Les meir om turen på UT.no

Gardafjellet | Foto: Sotra Øygarden Turlag - Klikk for stort bilete