Fjell kyrkje - Morland - Fjæreide - Sekkingstad (N)

Startpunkt: Fjell kyrkje
Parkering: Fjell kyrkje
Normal gangtid: 2 timar
Vanskegrad: Grøn
Sesong: Heile året

Turskildring

På nordsida av Fjell kyrkje følgjer Nordsjøløypa den gamle kyrkjevegen. Først på bygdevegen nord til elva og steingarden ved utmarka, så mellom Eidesvatnet og Liavatnet, Midtvatnet og Kyrkjevatnet. Sør på Morland går løypa over innmarka ved eit gardstun, og følgjer bygdevegen nordover, forbi vegkrysset og vidare langs vestsida av Morlandsvatnet fram til den siste garden. Her går kyrkjevegen på nordsida av tunet, gjennom utmarksbeite i retning Stølshaugen og vidare mot søraustre sida av Rotabekkvatnet. Dette var òg skulevegen for fleire generasjonar barn. Du kan ta ein avstikkar frå kyrkjevegen til Skjenet.

Kyrkjevegen følgjer ein stemmegard. Stien går i retning kyrkjevegsgrinda, i utmarksskiljet mellom gardane Fjæreide og Knappskog. Her ligg restar etter eit torvhus. Vidare går vegen mellom Stemmevatnet og møter bilvegen i svingen der vatnet frå elva renn bratt mot Fjæreidepollen. Du er no framme på garden Fjæreide. Kyrkjevegen er definert som ein del av Kystpilegrimsleia frå 2021. Det vil bli arrangert årlege pilegrimsvandringar her.

Frå Fjæreide er Nordsjøløypa merka frå snuplassen og vestover forbi vassverket og langs nordsida av Fjæreidevatnet. Lenger vest går stien litt opp frå vatnet, og svingar rundt eit stølsområde som ligg på nordvestsida av vatnet. Han går langs innsida av stølsgjerdet eit lite stykke, like før den kjem ned til demninga. Herifrå er det asfaltert veg langs nordsida av Litlavatnet og nordsida av elva fram til Apalvågen. Ved elva vest for Litlavatnet ligg det nokre kvernsteinar etter eit lite kvernhus her.

Om du tar ein avstikkar ut til turløypa på Langøyna (ca 1.2 km), startar du ved parkeringsplassen ved den gamle landhandelen. Bygningane er restaurerte og kvar haust vert «Langøymarknaden» arrangert. For å få ein betre utsikt kan du følgja ein gamal stølsveg opp mot Ørnahaugen (79 m.o.h.). Frå Ørnahaugen går løypa sørover mot Austre Langøyvågen om lag 200 meter sørom brua over Sekkingstadosen. I løypa finn du kreative spor etter den aktive friluftsbarnehagen på øya.

Fjell kyrkje

På Fjell gard har det truleg vore kyrkje i om lag 700 år. Den kyrkja som står her i dag vart bygd og vigsla i 1874.

Fjell, Morland, Fjæreide og Sekkingstad

Heng saman som Nordsjøløype, kyrkje-og skuleveg (med nokre små vegstrekk mellom stiane).