Fjell festning - Liatårnet - Haganes - Tellnes (N)

Startpunkt: Øvre eller midtre del av Bildøybakken, Tellnesskogen, Gjerdet eller Nordre Ekrhovda
Parkering: Midten av Bildøybakken, Telleskogen, Gjerdet eller Nordre Ekrhovda
Normal gangtid: 
Høgde: 194 moh
UTM 32 koordinat: 
Bok: Ja
Sesong: Heile året

Turskildring

For å koma deg opp til Fjell festning kan du finna mange vegar og stiar.  Eit alternativ er å starta turen frå parkeringsplassen ved bilvegen ca 2.5 km sør for Fjell kyrkje. Du følgjer vegen mot Fjell festning i retning Bjørkedalen. Når du først er oppe i Bjørkedalen, kan du ta vegen om Fjell festning. Men vil du heller til fjells, følgjer du asfaltert veg nokre hundre meter vidare austover. Han er merka Liatårnet. Hald så fram i terrenget på bratt sti opp brekkene i retning mot Liatårenet (341 m.o.h.) som er høgaste punktet i Øygarden kommune. 

Frå Liatårnet går stien søretter fjellryggen og ned eit skar mot Skorafjellet (Høgafjellet), som er eit fjellplatå. Stien går vidare over myrene, først i sørvestleg retning, så langs fleire vatn. Ein avstikkar frå stien og opp til varden gir godt utsyn. Herifrå går løypa vidare sørover langs fjellplatået. Det er merka ein trygg og lett nedgang i den elles svært bratte fjellsida. Vel nede under fjellet, går stien fram på ei brei fjellhylle med utsikt sørover mot Raunefjorden og Krossfjorden og vestover mot havet. Eit stykke lenger framme går eit skar. Det er merka sti ned skaret, over Storhaugsmyra og fram til bilvegen like nord for garden Haganes.

Stien frå Haganes til Tellnes har vore skuleveg og truleg nytta mellom gardane så lenge det har budd folk her. Bilvegen til Haganes kom først i 1963. Du startar turen vidare frå bilvegen i svingen nord for Haganes. Stien går på gode steinar som er lagt heilt nede i myrkanten og inntil austhellinga av Otrafjellet og Ramnafjellet. Nord for Ramnafjellet gjer stien ein sving vestover. Herifrå er det vakker utsikt mot Tellnes. Det er delvis opparbeidd veg rundt Kusanden, inst i vika ved Tellnespollen. Elva frå Kvernavatnet, fint oppmura langs kantane, slynger seg over sletta og ut i sjøen. I aust, inn mot steinveggen, ligg først ei løe og lenger opp ein skjeneflor. Forbi skjenefloren ligg nokre kjempesteinar kalla Huldresteinane.

Hald fram på opparbeidd veg bort til den gamle barneskulen bygd i 1890. Han ligg like ovanfor sjøen og nord for Espevikneset. Tømmeret i bygningen skal vera frå den gamle kyrkja i Fjell. Frå gamleskulen følgjer du bygdevegen gjennom garden Tellnes til skulen like ved fylkesvegen. Denne skulen vart nedlagt i 2019 og skulehuset er overtatt av grendalaget.

På vestsida av vegen ved skulehuset på Tellnes, går det eit strekk av Nordsjøløypa til Dalseide og Trengereid. Løypa er øydelagd av ein stor steintipp, men du kan leita deg fram til ein varda sti rundt. Nordsjøløypa har òg ein start inne på Dalseide, på begge sider av vegen, men løypa har vore vanskeleg å vedlikehalda.