Fjæreide - Spjeld - Ågotnes - Vindenes - Solsvika - Misje (N)

Startpunkt: Fjæreide
Parkering: Knappskog skule
Sesong: Heile året

Turskildring

Neste etappe går frå Ågotnes like nordvest for skulen og i retning steingarden, som er utmarksskiljet mellom gardane Ågotnes og Vindenes. Når du har passert steingarden, tar løypa til venstre i retning Angeltveitvatnet og vidare på merka sti gjennom skogen og langs austsida av Angeltveitvatnet. Nordafor vatnet held løypa fram gjennom skogen, og går tett inntil ein bergvegg eit stykke. Ute av skogen ser du Bleiavatnet i nord og ein steingard som går gjennom dalsøkket til Angeltveitvatnet. Denne steingarden er utmarksskilje mellom gardane Vindenes og Angeltveit. Nordsjøløypa går vidare vestover og gjennom grinda i denne steingarden.

Frå sørsida av Bleiavatnet held du fram i nordvestleg retning over steingarden som er utmarksskilje mellom gardane Angeltveit og Landro. Løypa går på tydeleg sti gjennom lyngheia eit stykke vest for Bleiavatnet. Herifrå ser du Spjeldsfjellet i sørleg retning og mot aust ser du fjella innover  i landet. Ved nordenden av vatnet tar løypa nordaustleg retning og kjem til bilvegen i vegkrysset mot Vindenes. Herifrå er det fint å ta ein avstikkar austover mot Høybøen.

Nordsjøløypa følgjer gamlevegen nordetter i retning Landro. Like vest for brua over Landrodalen tar løypa nordover til Solsvika. Du kjem til nokre bygningsmurar litt sør for Fuglavatnet. Dette er restar etter den gamle barneskulen for bygdene Vindeness, Landro og Solsvika. Den gamle skulevegen går på vestsida av Fuglavatnet, mens Nordsjøløypa går på austsida. Frå nordsida av vatnet går ho vestover i retning Solsvika. I nord går steingarden mellom gardane Landro og Solsvika. Nordsjøløypa går litt sør for steingarden. Vidare går du langs vegen på Tjødnahaugen, framme i vegkrysset kan du følgja Elvebakkvegen ned til hamna. Frå austsida av hamna går løypa opp eit bratt skar til utsiktsplassen ved Solsviksundet bru.

Du må over brua for å koma til øya Misje. På Misje følgjer løypa den gamle bygdevegen. Skulen er omgjort til eit lite museum.