Dethloffhytta

Startpunkt: Ono
Parkering: Rong skule
Normal gangtid: 1,5 timer
Høgde: 15 moh.
UTM 32 koordinat: 60.50101N 4.87596E
Sesong: Heile året

Turskildring

Dette er ein fin og lett tur, i relativt flatt terreng.

Turen på Ono går ut til vestsida av øya. Heilt ute ligg Dethloffhytta. Dette er ei privateigd hytte som vart reist 1899-1900 av ekteparet Elise og Gottfried Dethloff.

Begge var legar og var opptatt av at pasientane hadde gode kvardagsliv.

Den gruppe som Else Dethloff (etter eigne ord i studentboka) omfatta med særleg interesse og kjærleik, var strilane – det strevsame og den gongen eit fattig folkeslag som levde av fiske i Øygarden vest for Bergen.

På denne tida var det ganske uvanleg å skaffe seg eit sommarhus/hytte i Øygarden, men ekteparet fekk reist denne hytta heilt vest på Ono. Dei sette i gong ei rekke velferdstiltak for lokalfolket, som i takksemd reiste ein bauta over dei på Rong i Øygarden. Bautaen står på gangstien opp til Rong ungdomsskule.

Mange brukar å gå tur ut til vestsida av øya og sette seg på dei blankskurte svaberga nede ved sjøen.

Du kan òg ta med fiskestang for å fiske frå land her ute.

Vanskegrad grøn.

På Ut.no finn du meir informasjon

Film