Barmane friluftsområde

Barmane friluftsområde er ein våg som skjer seg inn i ei lengd på ca 1,7 km på Algrøyna i Øygarden kommune.

Friluftsområdet er på nord- og sørsida av vågen. I indre del er det skjerma farvatn med fortøyningsboltar og gode tilhøve for ankring. Heile området innanfor Boganeset har svært gode oppankrings,- og fortøyingstilhøve for småbåtar. Her er det mange fine viker med skjelsand i buktene. Området er mykje brukt til fritidsfiske. Det er gode tilhøve både frå sjø og land.

Turstiar

Friluftsområdet på nord og sørsida av Barmane kan ein koma til over land, frå busetnaden på Algrøyna. Algerøy bygdelag har tilrettelagt, og sett opp skilting og merking av turstiene. Raud sti går via det høgste punktet på øya, Idlefjell (78 m.o.h.), og vidare til Sandeie. Sandeie i Barmane friluftsområde er eit av turmåla i TellTur. Blå sti går ut til Barmeneset, og gul sti til Smalaneset. Parkering ved gamle Algerøy skule, eller langs vegen. Vis omsyn når du parkerer.

I Ånesvika er det tilrettelagt for enkel overnatting, i ein liten kabin som kan leigast ved å ta kontakt med organisasjonen Null meter over havet.

På nettsida til Bergen og Omland Friluftsråd finn du meir informasjon