Ånesvika

Startpunkt: Algrøy skule
Parkering: Algrøy skule (gange), Storesund (padling)
Normal gangtid: Ca. 3 timer t/r, 5,8 km t/r
Høgde: 1,5 moh.
UTM 32 koordinat: 275820.07Ø 6695947.58N
Bok: Ja
Sesong: Heile året

Turskildring

Ein flott tur i klassisk kystkulturlandskap ytst ute i havgapet. Stien startar ved grinda inst i Storvegen, vidare følgjer du skiltinga mot Sandeie. Etter Idlefjellet går det over i meir kupert terreng. Nede på flata tar du til venstre ved restane av steingarden. Det kan vere vått i stien, så du må bruke godt skotøy.

Her er ei enkel og svært populær hytte som ein kan leige for overnatting.

Book overnatting her

Turen kan du også padle. Start ved Møvika (ca 2 timar roleg padling) eller Syltøyna. På Syltøyna kan du leige kajakk.

Kajakkutleige: tlf: 412 34 091, web: northernexposure.no, Facebook: Northern Exposure.

På Ut.no finn du meir informasjon
På nettsida til Bergen og Omland Friluftsråd finn du meir informasjon